Send faktura til Sognekraft
Frå 1. november 2026 tek Sognekraft-konsernet i bruk nytt økonomisystem. Følg punkta under, så kjem fakturaen raskt til rett person og blir betalt i tide.
FORMAT
EHF via PEPPOL
ADRESSE
Org.nr. til selskapet som bestilte
MÅ ALLTID MED
Dykkar referanse
Slik sender du faktura
1
Send som EHF
Send faktura og kreditnota som EHF via PEPPOL. EHF-adressa er organisasjonsnummeret til selskapet – de treng ikkje endre noko. PDF og papir blir handsama, men tek lengre tid.
2
Fakturer rett selskap
Fakturaen skal til selskapet som bestilte, med rett organisasjonsnummer. Er de usikre, spør den som bestilte.
3 OBLIGATORISK
Oppgi referanse
Fyll alltid ut «Dykkar referanse» (kjøparreferanse) med referansen til den som bestilte hos oss. De får referansen ved bestilling.
I EHF: BuyerReference
4
Oppgi prosjektnummer
Gjeld leveransen eit prosjekt, skriv prosjektnummeret som prosjektreferanse. De får det av den som bestiller.
I EHF: ProjectReference
5
Éin faktura per bestilling
Ikkje samle fleire bestillingar eller fleire selskap på same faktura.
Kvifor dette er viktig: Fakturaene går automatisk til rett godkjennar ut frå referansen. Feil eller manglande merking gjer at fakturaen blir forseinka eller returnert.
Selskapa våre
Dei fleste fakturaene går til eitt av desse selskapa. EHF-adressa er organisasjonsnummeret. Fakturaer på PDF kan sendast til e-postadressa for kvart selskap.
| Selskap | Organisasjonsnummer (EHF) | E-post for PDF-faktura |
|---|---|---|
| Sognekraft AS | 925 904 937 | [e-post] |
| Sognekraft Produksjon AS | 916 069 634 | [e-post] |
| Sognenett AS | 991 955 690 | [e-post] |
| Sygnir AS | 924 619 260 | [e-post] |
Skal de fakturere eit anna selskap i konsernet, får de beskjed om det av den som bestiller. Postadresse for alle selskapa: Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn.
Spørsmål om faktura?
Ta kontakt med rekneskap. Kontaktinformasjonen finn du på kontaktsida.