Fjordenergi frå Sogn

Me leverer oppvarming og kjøling frå fjorden.

Sommardag ved fjorden med fjell og sol.

Fjordvarme - er oppvarming utan straum.

Sognekraft eig 100 % i fjordenergianlegget i Sogndal kommune.

Anlegget blei bygd i 2013 og ligg ved Sjøkanten i Sogndal sentrum. Det har ein energisentral på 2,4 MW på Campus som leverer til Fosshaugane-området og ein energisentral på 0,4 MW på Sjøkanten.

Sjøtemperert ferskvatn vert pumpa rundt til energisentralar der det står varmepumper som produserer varmt vatn til kundane. Varmepumpene kan levere opp til 70° C varmt vatn. Reserve og spisslast vert levert frå el-kjel. Energisentralane står relativt nær kundane slik at varmetapet ikkje vert for stort.

Total energileveranse fullt utbygt er på 15 GWh varme og 5 GWh kjøling