Vinn draumedag med Sogndal fotball!

Sognekraft er stolt hovusponsor av Sogndal Fotball og ynskjer å nytte samarbeidsavtalen vår til å skapa gode opplevingar for eit heldig lag i vår region.

Saman med Sogndal Fotball ynskjer me å skape gode opplevingar for eit heldig lag i vår region. Difor arrangerer me i haust Draumedagen på Fosshaugane Campus for eit heldig aldersbestemt lag - bli med i trekninga!

I 2023 var det Syril sitt g11/12 lag som var dei heldige vinnarane av trekninga. Dei fekk ei oppleving som seint vil gå i gløymeboka.

I år som i fjor vil vinnarane få gjennomført fotballtrening på Fosshaugane Campus saman med Tore André Flo, omvising i garderoben, tur med Stao no pao-bussen og pizzaservering.

Sjå video frå Draumedagen til Syril:

Meld på ditt lag til Draumedagen

Ønskjer du at ditt lag skal vera med i trekninga ? Då kan du delta i konkurransen ved å sende søknad på e-post til sponsor@sognekraft.no

Det me treng frå deg er:

  • Namn på laget og kvar de kjem frå

  • Alder og tal personar på laget

  • Kvifor skal akkurat de vinna draumedagen?

Dato for dagen vil skje i samråd mellom vinnarlaget og Sogndal Fotball.

NB! Ved å sende inn søknad samtykker ein til at det vil bli publisert bilete og videoinnhald frå draumedagen i sosiale medium.

Søknadsfrist: Onsdag 12. juni klokka 12:00. Vinnaren vert trekt og annonsert fortløpande etter dette.

Lykke til!

Forrige
Forrige

Sognekraft kjøper tilbake Leikanger Kraftverk

Neste
Neste

Beredskapsøving ved Leikanger Kraftverk