Sognekraft kjøper tilbake Leikanger Kraftverk

Konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal kan stolt melda nyheiten om at Sognekraft Produksjon AS no tek over 100 prosent eigarskap for Leikanger Kraftverk.

- Dette er ein stor dag for alle i Sognekraft-konsernet, og ein dag som for alvor symboliserer vår ambisjon om å vera drivkraft i Sogn, seier konsernsjef Terje Bakke Nævdal.

Same dag som Leikanger Kraftverk vert offisielt opna kan konsernsjefen dela nyheita om at Sognekraft Produksjon AS kjøper tilbake 50% av kraftverket frå Orrön Energy AB, og vil ha 100% eigarskap over kraftverket i løpet av kort tid. Oppkjøpet vil ha ei ramme på kring 600 millionar kroner.

Flott samhandling

Det var i 2019 at Sognekraft vart samde om å selje halvparten av aksjane for Leikanger Kraftverk til det svenske selskapet Lundin Energy (no Orrön Energy AB). 

- Dette har så langt vore eit svært lukkeleg ekteskap, med flott samhandling og ein god tone heile vegen. 

Klausulen den gong var at Sognekraft skulle vederlagsfritt overta kraftverket igjen etter 60 år med drift. No skjer det allereie - 57 år før tida!

- Dei siste månadane har eigarselskapa drøfta korleis våre framtidsstrategiar ikkje lenger er heilt likelydane. Orrön ynskjer å fokusere på å styrke nye aktivitetar og forretningsområde
og me har ein offensiv vekststrategi der me ønskjer å styrke kraftporteføljen i vår region.

- Me er i dag i ein posisjon der me har finansielle evner til å kjøpa tilbake kraftverket. Difor er det med glede å kunne meddela at me har vorte samde om å kjøpe attende aksjeposten frå Orrön.

Mykje å vera stolt over

Ekstra stas er det å kunne dela nyheiten om oppkjøpet på sjølve opningsdagen av Leikanger Kraftverk.

- Det er klart ein vert stolt over at me no er i posisjon til å gjennomføre ein slik transaksjon. Men me har mykje å vera stolt over i Sognekraft om dagen. På kort tid har me gått frå å drifta 2 til snart 21 kraftverk. Tilgang til fornybar kraft er avgjerande for klimaomstillinga, det er også svært viktig for samfunnsutvikling, lokal verdiskaping og utvikling av framtidige arbeidsplassar i Sogn, avsluttar Nævdal.






Forrige
Forrige

Storstilt opning av Leikanger Kraftverk

Neste
Neste

Vinn draumedag med Sogndal fotball!