< SAMFUNNSANSVAR

Klima, miljø og etikk

Et grafdiagram som viser trender over tid med linjer i ulike farger.

Klima og fornybar energi

Sognekraft set alltid inn ressursar til førebygging av flaum og ekstreme nedbørssituasjonar, dersom vêrvarslingane tilseier dette.

Strømmende elv med vann som bruser over steiner, omgitt av mørke fjell og natur.

Åpenhetsloven

Åpenhetsloven (LOV-2021-06-18-99) skal fremje verksemders respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal og sikre allmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder varetek slike rettar.  

Aktsemdsvurderingar

Som ledd i dette skal verksemder som er underlagt lova gjennomføre aktsemdsvurderingar. Dette er ein stegvis prosess for å kartleggje, førebyggje, gjere greie for og følgje opp korleis verksemda handterer vesentlege negative konsekvensar/risiko for nemnde rettar.

Varetaking av menneskerettar og anstendige arbeidsforhold er viktig! Det er difor lagt ned eit stort arbeid i Sognekraftkonsernet med å gjennomføre slike aktsemdsvurderingar.

Aktsemdsvurderingane inngår i utgreiingar som ein finn vedlagt under kvart selskap:

Etiske retningslinjer for leverandørar

I Sognekraft-konsernet verdset me tillitsbaserte samarbeid med partnarar som delar våre verdiar og forpliktingar til grunnleggjande menneskerettar og etisk praksis.

Klikk på denne lenka for å lese meir om Sognekraft sine etiske retningslinjer for leverandørar.