< OM OSS

Organisasjon

Eit morselskap - fleire døtrer

Bilete frå hovudkontoret i Vik.

Sognekraft vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre Sogn, for å betre kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv. Sidan då har konsernet sakte men sikkert auka, både i storleik og omfang. I dag har Sognekraft-konsernet kring 160 tilsette. Selskapet eig og/eller driftar ein total kraftproduksjon på like over 1 TWh.

Sognekraft-konsernet har fleire dotterselskap som yter ulike tenester.


Sognekraft Produksjon driftar og produserer fornybar energi. Selskapet driftar 22 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna byggjing av Feios kraftverk, som skal vera klar for oppstart av drift i løpet av hausten 2025.

Nettselskapet Sygnir eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjons­nett på 2500 km. Sygnir vart etablert ved årskiftet til 2021 grunna nyare krav frå Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) om at nettverksemdene skal skilje seg frå kraftproduksjon og sal av straum. I prosessen slo Sognekraft seg saman med nettverksemdene i Lærdal Energi og Aurland Energi. Sygnir vart då blant dei 20 største nettselskapa i landet.

Selskapet fekk namnet Sygnir fordi dette er det norrøne namnet på dei som budde i det gamle Sygnafylket, eller på oss sogningar, som er nemninga ein nyttar i dag.

Sognenett er i dag den dominerande leverandøren av fiber- og internettenester til bedrifter og privatkundar i Sogn. Nyleg etablerte Sognenett eit nytt IT-selskap i samarbeid med Vik IT-partnar og Voss kommunikasjon. Sognenett IT skal levere trygg IT og kommunikasjon til kundar i store delar av Sogn.

Sogn Utvikling er eit nyleg etablert selskap som skal vere med på å sikre areal og leggje til rette for grøn industri i framtidas Sogn. Selskapet er ei satsing i samarbeid med eigarkommunane Vik, Luster og Sogndal. Målet er å skapa nye arbeidsplassar med legitimitet i lokalsamfunnet, basert på lokale og tilgjengelege kraftressursar.   

Sognekraft eig også 14,8 % av straumselskapet Wattn. Du kan lese meir om deira tilbod og tenester på Wattn.no.

Våre dotterselskap