Camp Sognekraft 2026 er i gang

Deltakarane for Camp Sognekraft 2026 er på plass og klare for seks lærerike og minneverdige veker! Her med signaturposeringa til VM-aktuelle Erling Braut Haaland, frå venstre: Tuva Tomren Malmberg, Oskar Farbrot, Sigrid Melheim og Ole Sivert Røyrhus.

Måndag 22. juni gjekk startskotet for Camp Sognekraft 2026 – og dei fire utvalde studentane, av i alt 280 søkjarar, er godt i gang med det som forhåpentlegvis vert ein lærerik, produktiv og ikkje minst minneverdig sommar i Sogn. Tuva Tomren Malmberg, Ole Sivert Røyrhus, Sigrid Melheim og Oskar Farbrot er årets deltakarar, og er alle studentar ved NTNU i Trondheim. Det seks veker lange sommarprogrammet varer fram til 31. juli.

I løpet av den første veka har dei mellom anna fått ein grundig introduksjonsrunde om Sognekraft-konsernet, omvisning på Leikanger kraftverk og ein overnattingstur i Grindsdalen. Med andre ord ein innhaldsrik start – der både det faglege og ikkje minst det sosiale har stått i fokus første veka.

Eit skiftande vestlandsvêr la ingen dempar på stemninga då gjengen tok ut på overnattingstur allereie på dag tre ved Grindsdalen på Leikanger. Her saman med to av mentorane: Malin Waage (heilt til venstre) og Therese Thorhus (heilt til høgre).

- Me har vorte teken svært godt i mot, både av mentorane men også av folk i konsernet. Det har vore ei spennande og lærerik start med mykje god informasjon og to utfluktar, seier Tuva som legg til at ho tykkjer det er ekstra kjekt at dei allereie har fått dra på synfaring på eit av dei større kraftverka til Sognekraft Produksjon, Leikanger kraftverk.

Duka for Sognacamp

Gjennom sommaren skal deltakarane jobba prosjektbasert med fleire ulike oppgåver knytt til konsernet, og selskapa Sognekraft Produksjon og Sygnir si verksemd, og få innsikt i fleire delar av organisasjonen gjennom bedriftsbesøk og faglege samlingar – alt med tett oppfølging frå fagpersonar i konsernet.

Fagleg utbytte er viktig, men Camp Sognekraft handlar også om sosial trivsel og å utforska dei flotte omgivelsane og alt det spennande som skjer i Sogn på sommarstid. Måndag ventar kickoff for Sognacamp – der deltakarane får bli kjent med og delta på kjekke aktivitetar saman med andre sommarjobbstudentar i regionen. Årets Kickoff går føre seg på Fimreite hjå ciderprodusenten Odelsgut.

Sognacamp er eit sosialt aktivitetstilbod utanfor arbeidstid der sommarjobbstudentane blir med andre studentar i regionen på ulike arrangement og eksursjonar i løpet av sommaren. Her frå opninga i fjor ved Dampskipskaien i Sogndal.

- SognaCamp er også ein del av pakka som gjer at me har gledd oss ekstra til dette, så me ser fram til å møta dei andre studentane og komma i gang på måndag, avsluttar Sigrid.

Neste
Neste

280 søkte - desse fire er klare for Camp Sognekraft 2026