Søkjarrekord for Camp Sognekraft 2027. 319 landa talet på til slutt!
- Dette var moro. Ei tydeleg bekrefting på at me har eit konsept som treff – og at me bur i ein region mange unge og lovande kan tenkje seg å jobba og bu, seier prosjektleiar for Camp Sognekraft Knut-Hendrik Lajjord.
For første gong har Camp Sognekraft passert 300 søkjarar. Heile 319 studentar har søkt på dei fire plassane sommaren 2027, opp frå 280 året før.
- Så mange søkjarar fordelt på fire ledige sommarjobbplassar i indre Sogn er jo heilt spinnville tal.
Merka stor interesse for campen
Camp Sognekraft er eit sommarprogram der fire studentar med ulik fagleg bakgrunn får jobbe saman om konkrete prosjekt og oppgåver i Sognekraft-konsernet. Studentane bur saman i Sogndal gjennom sommaren og får kombinere fagleg erfaring med å bli kjende med arbeidslivet og livet i Sogn.
Sigrid Melheim var ein av dei fire som fekk plass sist sommar, og har saman med dei andre deltakarane våre aktiv i promoteringa av campen inn mot neste år – mellom anna ved Energidagane på NTNU i Trondheim tidlegare i haust.
Sigrid (midten av biletet) stilte opp saman med Tuva Tomren Malmberg og Ole Sivert Røyrhus. Gode ambassadørar for Camp Sognekraft som deltok sommaren 2026.
- Me merkar at interessa for campen er stor og at mange er nysgjerrige. For studentar, kanskje spesielt, innan kraft bransjen så har det defitinitivt bygd seg opp eit godt rykte som gjer at mange kjem og vil vita meir. Det vert jo gjenspegla i søkjartala som ein ser no, påpeiker ho.
Melheim, som er frå Vik, trekk fram kombinasjonen av eit spennande fagleg og sosialt tilbod som ein av nøkkelfaktorane for at studentane treivst så godt under si deltaking av campen.
- Dessutan er nok sommaren i Sogn og det å prøva å leva og bu her - noko mange ønskjer å testa ut, påpeiker ho.
Oppfordring til næringsliv
Som del av det sosiale tilbodet har SognaCamp vore viktig for sommarstudentane. Med sosiale aktivitetar og friluftslivsbaserte samlingar gjennom sommaren bidreg tilbodet i regi av Sogn Næring til ein totalpakke som handlar om meir enn berre jobb.
Sogn Næring har bestemt at SognaCamp vil gå av stabelen også i 2027.
– For ein sommarstudent, og særleg for dei som ikkje kjem frå Sogn, handlar sommaren om så mykje meir enn berre jobb. Det handlar også om å utforske området og få kjenne på om dette er ein stad ein kan trivast med å leve og bu. Me ser at dette er eit veldig viktig sosialt tiltak for studentane, seier Lajord som samstundes påpeiker at han håpar fleire verksemder i regionen vil kopla seg på og ta nytte av tilbodet i framtida.
– Ein får naturlegvis meir ut av potensialet dess fleire som går saman for å skapa ei endå større og betre ramme rundt eit allereie kanongodt tilbod som SognaCamp tross alt er. Det er noko eg trur både næringslivet og rekrutteringa til Sogn vil tena på over tid, avsluttar Lajord.