Sognekraft held fram det høge utbyggingstempoet. Berre tre månader etter opninga av Feios kraftverk vart Fardalselvi kraftverk offisielt opna torsdag 12. november. Kraftverket skal produsera 9,8 GWh fornybar kraft i året, tilsvarande straumforbruket til kring 600 husstandar.
– Eg er veldig stolt. Regionen vår leverer på det alle i Noreg snakkar om, at me treng meir kraft. Her produserer me ikkje berre kraft, me utviklar og byggjer ut meir, seier ordførar i Sogndal Stig Ove Ølmheim.
Kraftverket har vore i produksjon sidan påsketider og har ein installert effekt på 3,58 MW.
Fardalselvi er det 15. kraftverket Sognekraft har sett i drift på drygt ti år. Sidan 2018 har konsernet bygd ut kring 500 GWh med ny fornybar kraftproduksjon. I løpet av dei neste åra vil også Kråkeelvi kraftverk (15 GWh) og Offerdal kraftverk (ca. 100 GWh) verta sett i drift.
Fram med snor og gullsaks: Ordførar Stig Ove Ølmheim i Sogndal kommune bidrog til den offisielle opninga av Fardalselvi kraftverk.
Frå planar til produksjon
Prosjektleiar Kåre Fosse var første gong i dialog med grunneigarane tilbake i 2007. Sidan har prosjektet vore gjennom ein lang prosess med både grunneigarar og styresmakter, før bygginga kunne starta ved årsskiftet 2024/2025.
– I dag skriv me 2026, så det har teke tid. Men med litt innsats får ein til fine ting, og dette er eit kraftverk eg synest me kan vera stolte av å visa fram, seier Fosse.
Nesten to tiår er gått sidan prosjektleiar Kåre Fosse hadde første dialog med grunneigarar om Fardalselvi kraftverk i Sogndal kommune. Også han var naturlegvis ein glad mann under opninga.
Samarbeidsavtalen med grunneigarane kom på plass i 2012 og konsesjonen vart gitt i 2015. Etter investeringsvedtaket i desember 2024 gjekk det raskt framover, og Fardalselvi leverte dei første kilowattimane til kraftnettet våren 2026.
Meir kraft og lokale verdiar
Fardalselvi er ikkje berre eit viktig bidrag til energibalansen med ny fornybar kraft. Kraftverket gir også inntekter til lokale eigarar og grunneigarar. I tillegg vil det bidra med millionar av kroner i eigedomsskatt til kommunen i åra som kjem.
– Det har mykje å seie både nasjonalt og lokalt. Me leverer meir energi til det norske samfunnet, samtidig som eit lokalt kraftselskap eig og driftar kraftverket. Det gir inntekter til grunneigarane og til kommunen, understrekar Ølmheim.
Nok eit kraftverk er stelt i stand. Då må det vera lov å feira med kake og kaffi.