Starta opp førebuande arbeid ved Kråkeelvi kraftverk

Det byrjar å nærma seg gjennopptaking av arbeid i samband med byggjeprosjektet Kråkeelvi kraftverk.

Hywer starta denne veka førebuande arbeid med sikte på å montera nytt røyr i boreholet til Kråkeelvi kraftverk.

Arbeidet har vore stansa sidan hendinga tidlegare i sommar, då eit stålrøyr kom i rørsle og førte til materielle skadar i området. Ingen personar vart skadde.

Etter hendinga er området rydda og det er gjennomført omfattande undersøkingar. Politiet har så langt ikkje slått fast ei eintydig årsak til hendinga, og området vart frigjeve 18. august.

Hywer har saman med Sognekraft Produksjon og Norhard gjennomført grundige risikovurderingar av det vidare arbeidet. Riggen er også gjennomgått og overhala.

– Me har teke denne hendinga på høgste alvor, og det er noko som ikkje skulle ha skjedd. Sjølv om undersøkingane førebels ikkje har gitt ei eintydig årsakssamanheng, har me no gjort omfattande og grundige vurderingar av korleis arbeidet kan takast opp att på ein trygg og forsvarleg måte, seier dagleg leiar i Hywer, Rune Skjevdal.

Etablerer ekstra barriere

Som resultat av risikovurderingane vart det beslutta å etablera ei ekstra fysisk og uavhengig barriere av stål og betong bak riggområdet. Foringsoperasjonen var frå før, i utgangspunktet, sikra etter etablerte metodar for denne typen prosjekt med mellom anna to barrierer. Likevel var ikkje dette nok til å hindre det som skjedde.

– Den nye barrieren er eit ekstra tryggingstiltak som skal stanse eit røyr dersom det av ein eller anna grunn kjem i ukontrollert rørsle, seier Skjevdal om barrieren, som er under konstruksjon.

Denne veka starta også arbeidet med å reparere skadane på kraftstasjonen.

Tryggleik først

Kråkeelvi kraftverk vil etter planen produsere om lag 15 GWh kraft årleg. Hendinga har ført til at driftstarten blir seinare enn opphavleg planlagt. Det er førebels ikkje avklart når kraftverket kan setjast i drift.

– Det viktigaste for oss er at ingen personar kom fysisk til skade. Tryggleiken til dei som bur i området og dei som arbeider på anlegget er den høgaste prioriteten. Dette meiner me, utifrå risikovurderingane, at det nye tiltaket ivaretar, seier konserndirektør Erlend Bårgard i Sognekraft Produksjon.

 

 
Neste
Neste

Offisiell opning av Feios kraftverk