Fardalselvi kraftverk i gang med prøvedrift 

Prosjektleiar Thomas Henanger foran generatoren i kraftstasjonen levert av Spetals Verk. Peltonturbinen har ein installert effekt på 3,6 MW.  

– Det vart jobba iherdig for å bli klare og få starta opp produksjon før påske. Det er mange som har stått på og jobba lange dagar for å få dette til, så det kjennes bra å vera i gang, seier prosjektleiar Thomas Henanger i Sognekraft Produksjon. 

 Litt over eitt år etter at bygginga av Fardalselvi kraftverk tok til ved årskiftet 2024/2025, vart den aller første krafta sendt ut på straumnettet like før påske. Kraftverket vil i full drift produsera om lag 10 GWh årleg, tilsvarande straumforbruket til kring 600 husstandar. 

No er kraftverket inne i ein prøvedriftsperiode, der anlegget blir testa og kontrollert før det etter kvart går over i ordinær drift.

God framdrift

Arbeidet har gått jamt framover gjennom heile utbyggingsperioden. Dei siste månadane har det vore særleg høg aktivitet i kraftstasjonen, der elektromekanisk utstyr er montert og klargjort for drift. 

– I dei fleste byggjeprosjekt oppstår det utfordringar undervegs, men me opplever at prosjektet i det store og heile har gått relativt smertefritt, seier Henanger. 

Fardalselvi kraftverk er utforma for å utnytta ressursane i området på ein effektiv måte. Vatnet blir frå inntaket ført gjennom ei om lag 2,2 kilometer lang røyrgate før det når kraftstasjonen, som ligg om lag 300 meter frå der elva renn ut i Sognefjorden. Fallhøgda er på kring 200 meter. 

Prøvedriftsperioden er venta å vare i om lag ein månad dersom alt går etter planen. Sjølv om kraftverket no er delvis i drift, er det framleis ein stund til prosjektet kan reknast som ferdigstilt. 

Kraftstasjonen i Fardal byrjar å ta form, men ein er ikkje heilt i mål enno.

– Om ein ser på det ytre og reint visuelle delane av anlegget så er me langt i frå ferdige. Mellom anna skal kraftverkstasjonsbygget ferdigstillast utvendig, og det gjenstår ein del grunnarbeid. Ut over våren vil me retta fokus på opprydding, arrondering, sikring og ferdigstilling av heile anleggsområdet. Slikt tek litt tid, men det er viktig for oss å gjera denne jobben skikkeleg, så det ligg definitivt høgt på prioriteringslista vår, forsikrar Henanger.  
 
Og legg til: 

 – Me gler oss til å visa kraftverket skikkeleg fram når alt står klart – forhåpentlegvis om ikkje så alt for lenge, avsluttar han.  


Forrige
Forrige

Status for utbygginga av Offerdal kraftverk

Neste
Neste

Sognekraft med milliardsatsing – byggjer Offerdal kraftverk i Årdal