Høyringssvar om auka grunnrente- og naturskatt på småkraft

Frist for høyringssvar til regjeringa var 15.01.26.

Høyringssvar på regjeringa sitt forslag om å senke nedre grense for grunnrenteskatt og naturressursskatt på småkraftverk:


Sognekraft meiner forslaget vil gi uheldige og langsiktige konsekvensar for småkraft som næring, for distrikta som vertskapsområde, og for tempoet i norsk klimaomstilling.

Ei senka grense vil flytta store ressursar frå lokalt og kommunalt eigd småkraft til staten. Dette reduserer inntekter som elles kunne gått til utbytte og lokale investeringar, og svekkjer samstundes grunnlaget for falleige til grunneigarar og dei samla kraftinntektene til vertskommunane. Dette rammar ikkje berre kraftbransjen, men òg lokale tenester, næringsliv og utviklingskraft i distrikta, og kan over tid bidra til å undergrave den lokale legitimiteten for småkraft og anna fornybar energiproduksjon.

Forslaget aukar òg den politiske og økonomiske risikoen i ei langsiktig og kapitalintensiv næring, og gjer det mindre attraktivt å investera i fornybar energi i Noreg. Når rammevilkår blir endra slik at eksisterande anlegg blir hardare skattlagde utan føreseielege overgangsordningar, svekkjer det dessutan tilliten til stabile spelereglar frå styresmaktene. Sognekraft fryktar at usikkerheita dette skapar vil bremsa både nye investeringar og nødvendige oppgraderingar – i ei tid der Noreg treng meir fornybar kraft for å lukkast med elektrifisering og klimaomstilling. I ein situasjon der skatteforslaget heng i lufta, vil det dessutan vera sterke insentiv til å utsetja ordinært og ekstraordinært vedlikehald i påvente av avklaring. Det kan gi fleire og lengre periodar med produksjonsstans i eksisterande småkraftverk, noko som er uheldig både for forsyningstryggleik og verdiskaping.

Småkraft har avgrensa reguleringsevne og oppnår difor normalt lågare prisutteljing enn meir regulerbar vasskraft. Grunnrenta i denne delen av næringa er avgrensa, og grunnlaget for ei utvida grunnrenteskattlegging er svakt. I praksis vil forslaget gjera fleire nye småkraftprosjekt ulønsame og kan redusera tilførselen av ny fornybar kraft i distrikta.

Sognekraft meiner regjeringa må ta inn over seg at forslaget skapar stor usikkerheit, og at dei langsiktige konsekvensane kan bli meir negative enn dei kortsiktige gevinstane – både for lokalsamfunn, småkraftnæringa og den samla fornybarsatsinga. Stabile rammevilkår er ein føresetnad for at kraftbransjen skal kunna levera på både klimamål og samfunnsoppdrag.

På denne bakgrunnen ber Sognekraft om at nedre grense for grunnrenteskatt og naturressursskatt på småkraftverk vert uendra, og held seg på dagens nivå.


Neste
Neste

Fast jobb til maja - og 280 søkjarar til neste års Camp Sognekraft