Sognekraft med milliardsatsing – byggjer Offerdal kraftverk i Årdal 

Konsernsjef Terje Bakke Nævdal og Sognekraft med storinvestering i Årdal.

Sognekraft byggjer Offerdal kraftverk i Årdal kommune. Utbygginga er den største enkeltståande økonomiske  investeringa i konsernet si historie og ei av dei største nye kraftutbyggingane nasjonalt dei siste åra. 

– Me er svært glade for at me no kan setja i gang med denne utbygginga. I ei tid der behovet for ny, regulerbar vasskraft aukar raskt, vil denne utbygginga vera eit viktig bidrag til kraftbalansen og samstundes skapa verdiskaping både lokalt og regionalt, seier konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal.

Kraftverket vil gi om lag 100 GWh ny fornybar energi årleg – nok straum til kring 6 000 husstandar. Prislappen vil liggja på rundt ein milliard kroner, og kraftverket skal etter planen setjast i drift mot slutten av 2028. 

Offerdal kraftverk vil produsera kring 100 GWh årleg når det står klart.

Har realisert eit betydeleg potensiale i Sogn 

 Prosjektet har ei lang historie. Veidekke inngjekk samarbeidsavtale med grunneigarane i Offerdal så tidleg som i 1999, før Sognekraft kom på bana nokre år seinare og kjøpte prosjektet frå Veidekke. Konsesjonssøknaden vart sendt i 2011, og konsesjon vart gitt i 2017. Fram til nokre få år sidan har ein hatt utfordringar med å få knyta prosjektet til straumnettet. 

– Dette er eit prosjekt det har vore arbeidd med gjennom mange år, og det ligg mykje grundig planlegging bak. Mange har stått på for å få dette til, og no ser me fram til å realisera det, seier Nævdal. 

Offerdal kraftverk vil ligga omtrent på same storleiksnivå som Feios kraftverk (98 GWh), som i utbyggingsperioden 2023–2025 var det største nye kraftverket under bygging i Noreg.  

Med Offerdal kraftverk i porteføljen vil Sognekraft ha bygd ut om lag 600 GWh ny kraft på litt over ti år, noko som har meir enn dobla produksjonen til selskapet.

Innovasjon og lokal verdiskaping 

Kraftverket blir bygd som to kraftverk i same utbygging – eitt fjellanlegg med 2 turbinar og eitt anlegg i dagen. Begge kraftverka har eit fall på rundt 400 meter. Anlegget i dagen nyttar fall frå kote 800 til kote 410, og overfører vatn frå Ytre Offerdal til inntaket i Indre Offerdal. Det største kraftverket nyttar fall frå om lag kote 410 til nær kote 0 med utslepp i sjø. Kraftverket er designa med døgnmagasin (tunnelmagasin) inne i fjellet, etter same prinsipp som Feios og Leikanger kraftverk er bygd. Denne innovative løysinga er ny for elvekraftverk, og gjer det mogleg å lagra vatn og styra produksjonen meir fleksibelt gjennom døgnet, slik at krafta kan produserast når behovet i systemet er størst. 

– Me meiner dette er framtidas måte å byggja slike elvekraftverk på. Det er gledeleg at me kan vidareføra erfaringane frå Leikanger og Feios, der løysingane har fungert svært godt, seier Nævdal. 

Utbyggingsgjengen frå Sognekraft Produksjon flyttar seg no meir eller mindre direkte frå Feios kraftverk, som vart sett i drift i fjor haust, til Offerdal i Årdal. Frå Venstre; Prosjektleiar ved Feios kraftverk Bernt Erlend Fridell, Konserndirektør Sognekraft Produksjon Erlend Bårgard, Terje Bakke Nævdal og Prosjektleiar ved Offerdal kraftverk Harald Fimreite. 

På utbyggjarsida står konserndirektør Erlend Bårgard i Sognekraft Produksjon klar saman med det same teamet som leia utbyggingsarbeidet med Feios kraftverk, fleire av desse også med erfaring frå Leikanger-utbygginga nokre år tidlegare.

– Det er flott at me no kan flytta prosjektorganisasjonen direkte frå Feios og over til å starte opp med Offerdal kraftverk, seier Bårgard. 

Nævdal peikar på at utbygginga vil gi positive ringverknader både i byggjefasen og når kraftverket står ferdig. Frå Leikanger og Feios vart det gjennom byggjeperioden lagt att mellom 500 og 600 millionar kroner ved kjøp av varer og tenester regionalt.

– Når me byggjer kraftverk, ynskjer me at det skal gi ein positiv effekt for lokalsamfunnet der me byggjer. Me har gode erfaringar med å bruka lokale leverandørar, og Offerdal vil gje mykje aktivitet til lokalt næringsliv både under byggjefasen og i driftsfasen, avsluttar han.  

Fakta Offerdal kraftverk

  • Stad: Ofredal i Årdal kommune  

  • Årleg produksjon: ca. 100 GWh (kring 6 000 husstandar)  

  • Anlegg: to kraftstasjonar – eitt i fjell og eitt i dagen  

  • Installert effekt: 37 MW + 9,8 MW (samla ca. 47 MW)  

  • Fallhøgder: om lag 400 meter i kvart anlegg.   

  • Tunnelar: ca. 2,5 km + 4 km  

  • Planlagd byggjestart: Våren 2026  

  • Forventa produksjonsstart: slutten av 2028 


Neste
Neste

Høyringssvar om auka grunnrente- og naturskatt på småkraft