Fast jobb til maja - og 280 søkjarar til neste års Camp Sognekraft

Maja Åsmul (23) fekk tilbod om fast jobb etter årets Camp Sognekraft - og takka ja.

Det blir trongt om dei fire deltakarplassane til neste års Camp Sognekraft. I år som i fjor er det skyhøge søkjartal å melda om – og talet på søkjarar har auka frå 203 til heile 280.

– Me hadde ikkje venta at me skulle passere fjorårets søkjartal, så dette er både gledeleg og litt overraskande. Tala viser at campen verkar å treffe godt blant studentar – og at mange kan tenkja seg ein sommarjobb i Sogn, seier kommunikasjonsrådgjevar i Sognekraft, Ola Skram.

Dei fire utvalgte studentane av årets Camp Sognekraft gjekk raskt til verks med eit brennande engasjement, og omtalar arbeidet med prosjektoppgåva som både spanande og lærerikt.

Eit fagleg og sosialt tilbod

Camp Sognekraft er eit fem veker langt prosjektbasert opplegg der fire studentar får bryne seg på reelle utfordringar innan kraftbransjen. Studentane får innblikk i både produksjon, teknologi og berekraft – og får samstundes oppleva korleis det er å bu og arbeida i Sogn.

– Tilbakemeldingane frå dei som var deltakarar i sommar har vore gode, og me veit at dei treivst godt både på og utanfor jobb. Ein viktig faktor for det sosiale miljøet har vore etableringa av Sognacamp, som i likskap med Camp Sognekraft gjekk av stabelen for første gong i år, seier Skram.

Sognacamp er eit fagleg og sosialt tilbod for sommarjobbdeltakarar i ulike bedrifter i Sogn. Aktivitetane skjer etter arbeidstid i vekedagane og i helgane, og gjev deltakarane høve til å bli kjende med andre unge som jobbar i regionen – og til å oppleva noko av det beste Sogn har å by på.

NTNU-studenten Maja Åsmul deltok i årets Camp Sognekraft og har takka ja til fast stilling i konsernet. Ho fortel om ein unik sommar – der kombinasjonen av faglege oppgåver og sosiale opplevingar gav eit positivt innblikk av livet både på arbeidsplassen og i regionen.

– Det var ein lærerik og spennande sommar der me fekk fagleg utvikling og innsikt i ein spanande bransje. Sognacamp bidrog definitivt til å gjera opphaldet endå kjekkare, då me vart meir samansveisa og vart kjend med andre på tvers av bedriftene - samstundes som me også fekk erfara meir av alt det kjekke spennande som Sogn har å tilby, seier ho.

Ønskjer å nå breiare ut mot lokalt næringsliv

I likskap med Camp Sognekraft vil også Sognacamp bli arrangert til neste år. Campen hadde ni bedrifter med på laget og samla til saman 35 deltakarar. Prosjektleiar for Sognacamp Henrik Skyttermoen i Sogn Næring fortel at tilbakemeldingane frå deltakarar og bedriftar involverte har vore både konstruktive og jamt over positive.

– Me trur at dette er eit tiltak som både gjev ein betre totaloppleving – fagleg og sosialt – og som samtidig set Sogn på kartet. Gjennom aktivitetar og ekskursjonar får me vist fram mykje av det beste regionen har å by på, seier han.

Ei nettside med førebels program er allereie oppe og gå. No blir det jobba med å få med fleire bedrifter inn mot neste sommar.

– Me ser eit stort potensial for å byggja vidare på det som er etablert, og håpar endå fleire verksemder i regionen vil bli med. Dette handlar ikkje berre om å tilby ein sommarjobb, men om å bidra til rekruttering og omdømebygging for heile Sogn, seier Skyttermoen.


Neste
Neste

Første Feios-krafta ut på nettet