Første Feios-krafta ut på nettet
– No er me i gang - i god tid før det opphavlege tidsskjemaet, seier prosjektleiar Bernt Erlend Fridell.
Denne veka starta første fase med igangkøyring av Feios Kraftverk. Måndag 13. oktober snurra turbinen for første gong, tysdag vart anlegget spenningssett, og onsdag ettermiddag, 15. oktober, vart kraftverket kopla til nettet for aller første gong. Dagen etter leverte det straum til bygdene i Vik kommune og Leikanger.
- Det er litt stilig å tenka på at me allereie på dag fire av testfasen er godt i gang med å forsyna Sogn med kraft, slår Fridell fast.
Kraftverket kan produsera kring 98 GWh årleg når det er i full drift.
Spaning i lufta
Det var stor spaning i lufta då Fridell saman med eit eit solid team rundt seg frå Sognekraft, Veidekke, Andritz og Spetals Verk gjennomførte dei aller første testane inne i kraftverket måndag føremiddag.
Dronebilete frå inne i sjølve kraftverket.
– Det er ikkje til å leggja skjul på at pulsen var litt høg då me skulle testa anlegget for første gong. Det er alltid spanande å sjå om alle komponentane spelar på lag, og om ting fungerer slik det skal. Det måtte, som venta, nokre testrundar til før turbinen byrja å snurra skikkeleg – men etter det har det gått meir eller mindre slag i slag, seier Fridell.
Berre to dagar etter var den aller første Feios-krafta på nettet eit faktum – to og eit halvt år etter byggjestart og nærare eit halvt år før planlagt tidsskjema.
– Det vitnar om eit prosjekt der samspelet har fungert svært godt mellom alle involverte. Sidan første gravetak 7. mars 2023 er det i prosjektet lagt ned over 300 000 arbeidstimar totalt, og innsatsen har vore formidabel i alle ledd, seier Fridell, og peikar på at hovudentreprenør Veidekke naturlegvis skal ha sin del av æra.
Stor spaning måndag før første rotasjon.
Store regionale verdiar
Utbygginga har ikkje berre vore effektiv, men har gjeve positive ringverknader lokalt. Om lag 270 millionar kroner – og nesten 40 prosent av dei totale utbyggingskostnadene på rundt 700 millionar kroner er lagt att hos verksemder i Sogneregionen og Vestland fylke.
– Det er kjekt å sjå korleis prosjektet set spor i regionen, og det er gledeleg å vita at verdiskapinga vil halda fram, også lokalt, som resultat av drift i åra som kjem, seier Fridell.
No ventar ei fire veker lang testperiode før kraftverket går inn i ordinær drift, der begge aggregata skal gjennom systematiske prøver og finjustering. Etter ordinær driftsstart byrjar sluttarbeidet ute i anleggsområda: opprydding, pynting og ferdigstilling. Med vinteren like om hjørnet vil delar av dette bli gjort når forholda tillet det, og prosjektet blir avslutta i løpet av 2026.
– No handlar det om å fullføra prosjektet med stil – så kan me gleda oss over eit flunkande nytt kraftverk som vil gje verdiar til lokal- og storsamfunnet, som me kan vera stolte av i mange år framover, avsluttar Fridell.