Feios kraftverk fylt med vatn for første gong – testkøyring neste
Oppstart av Feios kraftverk nærmar seg med stormskritt. Nyleg passerte prosjektet ei stor milepæl då anlegget for aller første gong vart fylt med vatn – frå inntaket i Åfet og heilt ned til kraftstasjonen ved Håastrondi.
– Det har blitt jobba jamnt og trutt gjennom heile sommaren. Me er no klare for oppstart av kraftverket innan kort tid, seier prosjektleiar Bernt Erlend Fridell.
(Sogne)kraft i oktober?
I starten av september vart høgspentlina inn til kraftverket spenningsett, og produksjonstransformatoren er òg spenningsett – arbeidet vart gjennomført av nettselskapet Sygnir.
Med ei vellukka testfylling, er det no primært siste ferdigstilling av anleggsområdet ved Storelvi som manglar før testkøyring av kraftverket.
– Dersom alt går etter planen vil me vera i stand til å levera ut første krafta på nettet i oktober, seier Fridell, som allereie har retta tankane mot opprydningsarbeidet etter at kraftstasjonen er sett i gong:
- Etter anleggsstart vil det vera ein del etterarbeid, mellom anna med pynting og ferdigstilling, som vil ta litt tid. Med vinteren som nærmar seg med stormskritt vil me nok ikkje bli heilt ferdig med alt arbeid før i 2026.