Offisiell opning av Feios kraftverk
– Sognekraft er jo heilt rå og byggjer fleire kraftverk enn nokon andre i forhold til sin storleik, og i tillegg er det dei største nye kraftverka i heile landet, seier fylkesordførar Jon Askeland, som onsdag 19. august var med på å markera den offisielle opninga av Feios kraftverk.
Nærare 100 inviterte gjester var samla til ei høgtideleg markering 500 meter inne i fjellet, i sjølve kraftstasjonen.
Eit viktig bidrag
Feios hadde byggjestart i mars 2023 og vart sett i drift hausten 2025. Gjennom heile utbyggingsperioden var det det største nye kraftverket under bygging i Noreg, og kraftverket vil produsera om lag 98 GWh i eit normalår – tilsvarande straumforbruket til om lag 6 000 husstandar.
Fylkesordførar Jon Askeland (i midten) stod for den offisielle opninga av Feios kraftverk. Her frå snorklippinga, med god hjelp frå prosjektleiarane Bernt Erlend Fridel (t.v) og Harald Fimreite (t.h).
– Nær 100 GWh ny fornybar kraft kvart år er mykje frå eitt enkelt prosjekt, særleg i ei tid der store vasskraftutbyggingar ikkje lenger kjem så ofte, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Feios kraftverk er, saman med Leikanger kraftverk, blant dei første elvekraftverka i landet som nyttar døgnmagasin inne i fjellet. Løysinga gjer det mogleg å lagra vatn gjennom delar av døgnet og tilpassa produksjonen betre til når behovet i kraftsystemet er størst. Dette var ein sentral del av grunngjevinga då Sognekraft-konsernet fekk Distriktsenergi sin innovasjonspris i 2025.
– Feios er eit prosjekt der ein har våga å tenkja nytt. Eg er stolt over å sjå at eit kraftselskap frå Vestland utviklar løysingar som får merksemd langt utover fylket. Sognekraft viser kva som er mogleg når lokale eigarar tenkjer langsiktig, er villige til å investera og vågar å prøva nye løysingar, seier Askeland.
God dialog lokalt
Feios kraftverk har ei historie som strekkjer seg over meir enn 20 år. Dei første avtalane med grunneigarane vart inngått tidleg på 2000-talet, og prosjektet har sidan vore gjennom både utvikling, konsesjonsarbeid og vidare planlegging før bygginga kunne starta.
I alt var det over 40 grunneigarar som vart omfatta av, og involverte i prosjektet. Bygdeleiar Gjertrud Samland gjev Sognekraft skryt for god dialog, og meiner produksjonsselskapet har vore flinke på å involvera og informera lokalsamfunnet undervegs i prosjektet.
Gjertrud Samland og kvinnekoret Gygrene sørga for ei majestetisk start på det offisielle programmet.
– Samarbeidet med Sognekraft har vore veldig bra. Eg føler dei har lytta til oss i prosessen heilt ifrå starten, seier Samland.
Ein stolt konsernsjef
Det var ein svært stolt konsernsjef Terje Bakke Nævdal som var til stades for å endeleg kunna markera opninga av eit prosjekt også han har drøymt om å få gjennomført i mange år.
Konsernsjef Terje Bakke Nævdal var, med god grunn, i særdeles godt humør då han holdt tale under opningsseremonien.
– Det er ein fantastisk dag der me endeleg kan få lov å feira årevis med arbeid. Dette var ein dag me var usikre på om me skulle koma til, så eg er frykteleg stolt over at me kan stå her i dag, seier Bakke Nævdal.
På litt over ti år har Sognekraft sett i gang utbyggingsprosjekt som samla utgjer nær 500 GWh ny vasskraft. Tidlegare i år starta også bygginga av Offerdal kraftverk – den største enkeltståande investeringa i konsernet si historie.
- Dette er resultatet av ei langsiktig satsing frå eigarane til Sognekraft eigarsida, med mål om vekst og utvikling i regionen Sogn, seier Bakke Nævdal.