Bli med på innsida av Leikanger kraftverk

Anlegget hadde sitt første heile år med full produksjon i 2022.

Vedlikehaldsleiar Bjarte Haugen (t.v)  – på innsida av det nye kraftverket på Leikanger.

- Det er eit flott anlegg, det er det ingen tvil om. Dette vil sogningar få mykje glede av, seier vedlikehaldsleiar i Sognekraft produksjon, Bjarte Haugen.

2021 vart året då det splitter nye kraftverket på Leikanger for første gong var i full drift. Anlegget, med byggjestart i 2017, har ein estimert årleg produksjon på om lag 208 GWh. Dette vil vera eit viktig regionalt bidrag i det grøne skiftet, då etterspørselen av rein kraft berre vil auka med åra som kjem.

To personar går i tunnel leikanger kraftverk.

Vegen inn og ut til kraftverket er lang, men også strak, trygg og effektiv.

Berekraft

Nesten ein kilometer inne i bergveggen ved Suppam finn ein den nye kraftstasjonen på Leikanger.

Kraftstasjonen hentar vatn frå ni inntak fordelt på Grindsdalen og Henjadalen. Store maskinar er i sving, og sørgjer for straum til meg og deg. Kraftverket åleine er nok til å dekka det årlege straumforbruket til kring 13.000 hustandar, i følgje tal frå SSB som er oppdatert frå 2022.

- Etter fleire år med bygging er det fantastisk å sjå både at heile verket no er i  full drift, og ikkje minst kor godt det fungerer, seier Haugen.

To personar ser ned mot turbin.
Bilete av turbin.

Store mengder vatn kjem frå høgda og vert leia inn i ein turbin som etterkvart omdannar bevegelsesenergi frå fallet til mekanisk energi. Dette vert omdanna til elektrisk energi gjennom ein generator og til slutt sendt ut til straumnettet.

Innovativ tankegang frå dyktige entreprenørar har vore med på å sørga for at vatn som ressurs vert utnytta på ein skånsam og berekraftig måte.

- I mellom bergveggane er det mellom anna ein overføringstunnel som samlar opp vatn slik at ein kan optimalisera produksjonen i kortare periodar då behovet for energi hjå forbrukarane er størst.

Bilete av turbin.
To personar ved turbin.

Under og etter bygging, inne i kraftverket. Foto over: Håvard Nesbø.

Kraftverket disponerer også delar av magasinet i Store Trastadalsvatn. Reguleringa er her delt mellom Sogndal kommune til drikkevassføremål og Leikanger kraftverk til kraftproduksjon i dei resterande øvste 2 meterane av magasinet.

- Før utbygginga hadde kommunen ansvaret for dammane ved magasinet, men grunna krav i damsikkerheitsforskrifta måtte ein uansett ha rusta opp dammane på same måte som no er gjort. Samarbeidet har ført til delte kostnadar og gjer at innbyggjarane slepp kostnadar dei elles hadde vorte påført, dersom kommunen skulle utført arbeidet åleina. 

Portrettbilete ein person ved turbin

Bjarte Haugen har god kontroll på det meste som rører seg inne i kraftverket.

Lokal verdiskaping og naturomsyn

Som drivkraft i Sogn er lokal verdiskaping forankra i all verksemd Sognekraft-konsernet tek føre seg.

Med bruk av mellom anna lokale entreprenørar og underleverandørar er kraftverkbygginga på Leikanger eit godt eksempel på dette, med lokal verdiskaping på godt over 200 millionar kroner. Dette er verdifulle erfaringar å ta med seg vidare inn mot bygginga av Feios kraftverk, som skal stå klar i 2026.

- Som pådrivar for utvikling i regionen er det alltid vårt ønskje å bidra til lokal verdiskaping. Det er ein viktig del av visjonen vår, seier konserndirektør for produksjon Erlend Bårgard.

Bilete av Erlend Bårgard inne i kraftverket.

Erlend Bårgard i ivrig dialog med ein entreprenør undervegs i bygginga av Leikanger kraftverk. Foto: Håvard Nesbø

Minst like viktig er fokus på natur og å minimere naturinngrep, så langt det let seg gjera. Sognekraft jobbar også for at fotavtrykka vert minst mogleg synlege i etterkant av slike byggeprosjekt.

- Å bygga kraftverket på ein måte som tek vare på naturen er ein høg prioritet for oss. Det ser alltid litt meir uryddig ut på ein byggjeplass når arbeidet står på, men slik det no byrjar å ta form så me må seie oss nøgde, seier Bårgard.

- Jamt over har det stort sett vore positive tilbakemeldingar, også restvassføringa i elva. Det er me glade for.

Viktig for utviklinga av regionen

Att sit ein no med eit topp moderne anlegg til å vera stolte av. Dette vil vera eit viktig bidrag inn mot framtidas elektrifiserte Sogn. Nok tilgjengeleg kraft er ein av nøklane for å lukkast med det grøne skiftet.

- Me lyt handla no for å sikra at Sogn er rusta for det som ventar i framtida.

- Eg er enormt stolt over det ein har fått til med Leikanger kraftverk, og over det me no jobbar for å få til i Feios. Me er framoverlente, men det lyt me også vera, avsluttar Bårgard.

Sjå video av korleis Leikanger Kraftverk fungerer under:


Forrige
Forrige

Torgeir vart konserndirektør i ny stilling  

Neste
Neste

Grønt lys for Feios kraftverk