Sognekraft i ny drakt
Sognekraft har sidan 1947 vore ei drivkraft i Sogn – med røter i naturressursane, hjarta i lokalsamfunnet og blikket retta mot framtida.
Den grafiske profilen vår frå 2010 er no erstatta med eit oppdatert uttrykk som i større grad reflekterer konsernet si rolle i dag, og ambisjonane for framtida. Oppdateringa vidarefører identiteten til Sognekraft, men gir samstundes eit moderne visuelt løft. Visjonen «Drivkraft i Sogn» og slagordet «Set krefter i sving» står like sterkt som før, og er tydeleg integrert i den nye profilen.
Her ser ein utviklinga av logoen til Sognekraft dei siste 30 åra. Den moderniserte logoen har meir spissa og harmoniske linjer, samt ny font og ein kraftigare farge. Desse små justeringane av logoen er gjort for at ein skal bli meir synleg på profilerte flater:
Dråpen som symbol
Kjernen i den nye grafiske profilen er vatnet - sjølve grunnlaget for verksemda vår. Dråpen er vårt nye profilelement, brukt i ulike utsnitt og fargar. Dråpen symboliserer her at store ting ofte byrjar i det små: Eit enkelt naturfenomen kan setja store krefter i sving og gi energi til heile samfunnet vårt.
Designkonseptet handlar om nettopp dette:
Me ser for oss reisa frå regndråpen som treff bakken, til bekken som møter tusenvis av andre dråpar og veks seg til ei elv. Elva snor seg gjennom fjell og dalar, ei kraft som naturen sjølv gir, og som me kan nytta til å skapa energi for regionen vår.
Dråpen vert dermed eit symbol for identitet, kraft og utvikling. Det er denne historia me vil fortelja.
Dråpen er kjernen for mykje av verksemda til Sognekraft, og no til den grafiske profilen. Foto: Falkeblikk AS
Ei samla Sognekraft-familie
I den oppgraderte profilen har me no fått framstilt Sognekraft-konsernet og alle merkevarene våre i ein meir heilskapleg og tydeleg samanheng. Sognekraft-konsernet består av merkevarane Sognekraft, Sygnir, Sognenett og Sogn Utvikling.
Av omsyn til berekraft vert profilen innført gradvis. Den er allereie synleg i digitale kanalar, annonsar og arrangement. Etter kvart blir logo og profil implementert på bilar, skilting og arbeidsklede. I ein overgangsperiode vil nytt og gamalt materiell eksistera parallelt, noko som er ein naturleg del av ein berekraftig prosess.