- Avgjerande bidrag til det grøne skiftet

To glade menn arm i arm. Konsernsjef Terje Bakke Nævdal og Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

Konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal (t.h) er nøgd med at regjeringa fjerna høgprisbidraget, slik dei hadde lova. Her saman med ordførar i Vik Roy Egil Stadheim i samband med oppstarten av Feios kraftverk-utbygginga tidlegare i år.

-  I dag er ein god dag, jublar konsernsjef i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

I samband med statsbudsjettet for 2024 som fredag 6. oktober vart lagt fram av regjeringa, kom det fram at regjeringa vel å avvikla høgprisbidraget frå og med 1. oktober i år. Dette er ei steg i riktig retning på vegen mot å auka totalproduksjon av fornybar energi, meiner Nævdal.

-  Auka investering i fornybar energi er eit heilt avgjerande bidrag til det grøne skiftet. Difor er det gledeleg å sjå at regjeringa ser dei uheldige konsekvensane av høgprisbidraget, og at dei no har rydda opp i dette. 

- Uheldige konsekvensar

Høgprisbidraget som vart lagt fram i september 2022 kom som ei stor overrasking på kraftnæringa. Bidraget hadde tilbakeverkande kraft for 2022 med 23 % skatt på inntekter over 70 øre/KWh. Dei uventa skattegrepa førte til stor usikkerheit i bransjen med tanke på lønsemd i investering, og fleire prosjekt vart skrinlagt eller lagt på is.

- Me har forståing for at dette vart gjort i ei tid der kraftprisar var høge, og regjeringa hadde behov for ekstra ressursar. Men, dette var eit tiltak som slo uheldig ut i samband med at ein skulle auka fornybar energiproduksjon i Noreg.

- Med dagens nyheiter vil eg tru framtidsutsiktene ser lysare ut for mange, seier Nævdal.

Samstundes som at fleire små og store prosjekt vart sett på vent, valde Sognekraft å starte opp med bygginga av Feios kraftverk i mars månad. Ein kort konsesjonsfrist, og regjeringa sitt løfte om at høgprisbidraget skulle fjernast i løpet av 2024 vart sentralt for dette.

- Me var kome også langt i avtalar med grunneigarar og entreprenørar, og store kostnader og utgifter var allereie knytt til dette arbeidet. Det blei gjort grundige vurderingar av risiko, der ein mellom anna vurderte kostnadane med å utsette prosjektet. Basert på dei lovnadane som har blitt gitt frå regjeringa, blei prosjektet starta. 

Gledeleg nytt

No når regjeringa har følgt opp på sitt løfte har fleire kraftselskap i løpet av dagen signalisert at dei ønskjer å starte opp prosjekt som har vorte sett på vent. Også Nævdal ser på morgondagens utfordringar, som til dømes ein potensiell bygging av Offerdal kraftverk, med nytt pågangsmot:

- No kjem me til å auka framdrift og prøva å koma i gang med prosjekta våre. Sognekraft går ein travel haust i møte, konstanterer konsernsjefen.    


Forrige
Forrige

Detaljplan for miljø og landskap (DML)

Neste
Neste

Energiutstilling på ViteMeir