Berekraftig drift på Trastadalsvatnet

Løysinga var kreativ, men prosjektleiar Bernt Erlend Fridell og driftsleiar/fagansvarleg Gaute Stadheim (t.v) har vore svært nøgde med mikroturbinen dei har nytta i samband med drift på Trastadalsvatnet.  

- Verda skrik etter grøn energi, og utbyggingar som Leikanger kraftverk er med på å gje akkurat det. Men det må gjerast på ein skånsam måte. Difor er det viktig å sjå etter nye, innovative og berekraftige løysingar som gjev minst mogleg fotavtrykk, seier prosjektleiar Bernt Erlend Fridell.

Som ein del av utbygginga av Leikanger kraftverk tok Sognekraft ansvaret med å rehabilitera demninga ved Trastadalsvatnet. Demninga, som held til på 1000 meters høgd, skal både gje drikkevatn til bebuarane på Leikanger og vera ein del av produksjon på Leikanger kraftverk.

I samband med drift av dammen har innovative og berekraftige tiltak vorte sett i verk, for å gje minst mogleg fotavtrykk.

Bernt Erlend Fridell og Thorleiv Hurthi (før Sognekraft Produksjon, no i Sygnir) var begge inne som prosjektleiarar under utbygginga på Trastadalen. Der vart kreative løysingar og berekraftig tankegang lagt stor vekt på.

Utfordrande byggetid

Demninga frå 1912 har tidlegare vorte nytta i samband med kraftproduksjon, medan den dei siste åra har vorte nytta som ein del av drikkevassforsyninga til Leikanger. Når kraftverket på Leikanger skulle byggjast var det difor naturleg å hente inn att delar av vatnet til bruk av kraftforsyning, nærare sagt dei to øvste meterane av magasinet.

- Det var jo nokre som var redd for drikkevatnet når dette vart bestemt, men det vil ikkje vera eit problem, slår tidlegare prosjektleiar Thorleiv Hurthi fast. Bernt Erlend tok over ansvaret mot slutten av prosjektet då Thorleiv byrja å jobbe i Sygnir.

Anleggsarbeidet starta i 2021. Då vart det mellom anna bygd eit ventilhus for styring og kommunikasjon mellom vassverk og kraftverk. Denne er knapt mogleg å sjå i dag.

Bilete av trastadalsvatnet

Ventilhuset (ca. midten av biletet) er godt dekt til og ikkje lett å få auge på. Akkurat slik ein ønskjer det.

- Me gjer heile tida det me kan for å ta vare på naturen og leggje at så lite fotavtrykk som mogleg, seier Thorleiv.

Vinn-vinn løysing

Ei anna utfordring var energiforsyning til drift av ventilhuset. Eit av alternativa som ofte vert nytta er dieselaggregat. Eit anna, solcellepanel, ville berre gje energi delar av året grunna vêrforhold og at ein er sopass opp i høgda.

Ønsket var å presentera ei løysing som varetek miljø og klima på best mogleg vis.

- Heldigvis var det nokre smarte hovud som kom på ideen å setja inn ein mikroturbin, der me utnytta vatnet som uansett rann gjennom ventilhuset til å produsere straum. I tillegg vart det sett inn tre solcellepanel som kan forsyna bygget med straum på sommarstid, fortel Thorleiv.

Bilete av mikroturbin

Hittil er det ikkje registrert ein einaste feil på turbinen, etter litt over eit halvt års drift, fortel Fridell.

Løysinga med mikroturbin er ganske lite brukt i slike type installasjonar. Men Bernt Erlend kan fortelja at erfaringane hittil har vore riktig så gode.

- Me har hatt dette i gang no i eit halvt års tid, og enno ikkje fått inn meldingar om at driftsstans, så dette er noko som må vurderast til framtidige anlegg også.

 - Med andre ord er det ein vinn-vinn situasjon. Ein tek vare på naturen, tek omsyn til klima, og så fungerer drift optimalt. Det er slik me likar det, avsluttar han.


Forrige
Forrige

Førebuande tiltak mot varsla uvêr

Neste
Neste

Draumedag på Fosshaugane Campus