Førebuande tiltak mot varsla uvêr

Veitastrondsvatnet ein solskinnsdag

Bilete frå Veitastrondsvassdraget.

Dei kommande dagane er det venta mykje nedbør i samband med det varsla uvêret «Hans».

Me har god bemanning og gjer det me kan for å leggja til rette med førebuande tiltak. Me har full opning på lukene frå Veitastrondsvatnet og tek ut så mykje vatn som mogleg frå Hafslovatnet.

Basert på vêrmelding og tilsigsprognosar er det per no ikkje venta at vasstanden vil stige over eit nivå som vil forårsake skade. Me ber likevel om at dei som har gjenstandar eller eigedommar langs Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet er merksame på at det vil bli høgare vasstand, og sikrar materiell og utstyr ved vatnet for å hindre at det kjem på flyt og sperrar lukesystemet.

Me vil me følgja nøye med, time for time medan uvêret held fram. Me føl situasjonen tett.

Oppdaterte vasstandsmålingar kan du sjå her: Vasstandsmålar — Sognekraft
 


Forrige
Forrige

Hektisk sommar og stor innsatsvilje

Neste
Neste

Berekraftig drift på Trastadalsvatnet