Våre sponsoravtalar set krefter i sving

Festivalsjef Kamilla Marifjæren med sponsorflagg frå Sognekraft, Sognenett og Sygnir.

Kamilla Marifjæren er festivalsjef for Fjellsportfestivalen.

- Å ha Sognekraft med på laget som hovudsponsor er heilt avgjerande for at me kan få dette til, seier festivalsjef Kamilla Marifjæren.

Sognekraft er hovudsponsor for festivalen, medan Sygnir og Sognenett er med som badnakona-partnarar.

Sidan det første arrangement i 2008 har Fjellsportfestivalen i Sogndal vakse seg større og større. Det er for tida berre kapasitetsspørsmål som set avgrensingar for den populære vinterfestivalen i Sogn.
 
- Det er enormt moro. Festivalen er verkeleg i ferd med å etablere seg, seier Marifjæren.

Lurar du på om Sognekraft kan sponsa ditt arrangement? Då kan du klikke deg inn på denne lenka.

Viktig for lokalsamfunnet

Men det har ikkje berre gått på skjener for arrangørane. I 2021 gav pandemien store økonomiske utfordringar, og festivalen var i ferd med å bli avlyst. Då trødde Sognekraft, Sygnir og Sognenett til med ei ny mellombels sponsoravtale som vart avgjerande for at festivalen kunne gå av stabelen.

- Festivalen har vorte veldig viktig både når det gjeld aktivitet og identitet. Me har i dag tilsette som har kome hit på grunn av ski og friluftsliv, og det er ikkje sikkert dei hadde visst om Sogndal utan festivalen, sa Terje Bakke Nævdal til Sogn Avis den gongen.

Ikkje berre er det ein festival som er viktig for å lokke andre til Sogn. For sogningane sjølv er dette ei av dei store hendingane på vinterstid. Det speglar seg att i lokalt engasjement, meiner Marifjæren.

Skiførar hoppar baklengs frå eit skihopp.

Fjellsportfestivalen har vorte ein attraksjon for skikøyrarar landet rundt, men også for lokalsamfunnet er det ein viktig festival.

- Me merkar det tydeleg frå frivillige og lokale bedrifter at dette er ein festival som verkeleg betyr mykje, for mange. Det er utruleg kjekt å sjå kor mange som bidreg for å få festivalen til å gå rundt.  



Forrige
Forrige

Ein regional og framtidsretta utviklingsaktør 

Neste
Neste

Offisielt startskot for Sogn Utvikling