Informasjonsmøte på Årdalstangen om Offerdal kraftverk 9. juni
Sognekraft Produksjon starta denne våren utbygginga av Offerdal kraftverk, som etter planen skal setjast i drift innan utgangen av 2027. Gjennom byggjeperioden ønskjer me å halda lokalsamfunnet oppdatert om planar, framdrift og aktivitet i prosjektet.
Tysdag 9. juni klokka 18.00 inviterer me difor til ope informasjonsmøte i kinosalen på Samfunnshuset på Årdalstangen.
På møtet vil konserndirektør Erlend Bårgard i Sognekraft Produksjon og prosjektleiar Harald Fimreite orientera om utbygginga og status i prosjektet. Hovudentreprenør Veidekke vil også delta og informera om sitt arbeid. Presentasjonane vil samla vara i om lag éin time.
Etter presentasjonane vert det høve til å stilla spørsmål. Me oppmodar alle som har spørsmål, eller som ønskjer meir informasjon om prosjektet til å møta opp.
Det vert servert bakst frå Tya Bakeri og kaffi til møtet.
Vel møtt!