Informasjon om hendinga ved Kråkeelvi kraftverk

Bilete av kraftstasjonen og dalføret ved Kråkeelvi kraftverk i etterkant av hendinga fredag.

Under arbeid ved bygginga av Kråkeelvi kraftverk i Lånefjorden i Høyanger kommune fredag kom eit stålrøyr i rørsle. Hendinga førte til materielle skadar i området. Ingen personar vart skadde. 

– Dette er ei hending me tek på høgste alvor, og me er svært lei oss for det som har skjedd og dei materielle skadane som hendinga har medført. Samstundes er me glade for at ingen personar kom til skade, seier konsernsjef i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal. 

Kråkeelvi kraftverk vil produsera om lag 15 GWh årleg og skulle etter planen stå klart på seinhausten. 

– Driftstart for kraftverket vert naturlegvis seinare enn opphavleg planlagt. På noverande tidspunkt kan me ikkje seia noko om kor stor forseinkinga blir, held Bakke Nævdal fram. 

Hendinga fredag  skjedde i samband med arbeid utført av underentreprenøren Hywer. 

Konserndirektør i Sognekraft Produksjon, Erlend Bårgard, understrekar at Hywer er eit erfarent og profesjonelt selskap som Sognekraft har hatt tett samarbeid med gjennom mange prosjekt. 

– No er det viktigaste at me saman arbeidar trygt når det skal ryddast opp, og vidare finn ut kva som har skjedd og tek lærdom av dette, seier Bårgard. 

 Dagleg leiar i Hywer, Rune Skjevdal, seier selskapet har sett i gang ei intern gransking av hendinga. 

 – Me ser svært alvorleg på det som har skjedd og er utruleg glad for at ingen personar kom til skade. No arbeider me med å kartleggja årsaka til hendinga. Arbeidet vil ikkje bli starta opp att før me har full oversikt over kva som skjedde, og er trygge på at arbeidet kan gjennomførast på ein sikker måte for alle involverte. 

Området er avsperra, og det blir no arbeidd med planar for korleis området kan ryddast opp på ein trygg måte før dette arbeidet vert sett i gang. 

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Ope informasjonsmøte på Årdalstangen om Offerdal kraftverk