Med positiv effekt på lokal næring  

Frode Fosse med hjelm på hovudet i Feios

Frode Fosse ved Fosse Maskin har tosifra tal på kollegaer i sving ved Håastrondi i Feios. Han påpeiker at allereie no har bygginga skapt positive ringverknader på lokal næring.

- Det betyr veldig mykje for oss, seier anleggsleiar Frode Fosse i Fosse Maskin og Transport AS.


Eit halvt år har gått sidan Sognekraft bestemte seg for å setje i gong for bygginga av Feios kraftverk, ved starten av mars. Hovudentreprenør Veidekke held framleis på med å rigge seg klar i prosjektet som er venta å stå klart i 2026. Brakkerigg er på veg opp og det nærmar seg klart for tunneldriving ved Håastrondi.

- Kjempesesong

Men mykje arbeid har allereie vorte lagt ned. Det er mellom anna takka vere den lokale underentreprenøren Fosse maskin som frå første byggjedag vart involverte i prosjektet. Til saman har dei rundt ti personar som jobbar i og rundt Feios kraftverk.

Stor lastebil og bilete frå byggjeplassen

Mykje arbeid er allereie gjennomført, men mesteparten står framleis att for byggjeprosjektet som er tenkt ferdig i 2026.

Frode, som sjølv er frå Vik, legg ikkje skjul på at det er ekstra kjekt å jobba i nærområdet. Han er spent på kor stor påverknaden vil vera i lokalsamfunnet dei kommande åra.

 - Det har jo mykje å seie for Vik kommune at det vert litt liv og røre. Både for butikk, næringsliv og elles så vert det jo ein liten «buzz», og det treng me no i desse tider, slår han fast.

Litt ekstra liv og røre har det også vore på Blix hotell. Under sommarsesongen ser ein normalt at tal på gjestar stig, men i år er det grunnlag for optimisme godt utover dette.

Portrett Jorun Åsfrid Røyrvik

Dagleg leiar Jorunn Åsfrid Røyrvik og Blix hotell i Vik kan melde om ein solid sommarsesong. – Det er kjempeflott at Sognekraft gjekk i gong med dette, seier ho.

- Me har hatt ein kjempesesong, og har merka det godt på hotellet, til dømes i regi av entreprenøren. Sjølv om ein no går i gang med brakkerigg vil eg tru bookingar i samband med byggjeprosjektet vil halde fram i noko grad. Ting som dette er med å leggje grunnlaget for heilårsdrift hjå oss, seier dagleg leiar Jorunn Åsfrid Røyrvik ved Blix hotell i Vik.

Viktig å ta lokalt omsyn


 Ole Morten Okkenhaug, anleggsleiar for Veidekke i Feios, seier at for deira del er det viktig å nytte seg av lokale ressursar. Dette av praktiske og verdimessige årsaker.

Ole Morten Okkenhaug. Gravemaskin i bakgrunn, Feios

For Ole Morten Okkenhaug og Veidekke er det viktig å nytte seg av lokale ressursar, der det let seg gjera.

- Det eine går på at ein får kortare responstid på leverandørar, men så handlar det også om å tilføra lokalsamfunnet verdiar.

For prosjektet sin del er status per no at brakkeriggen vart sett opp denne veka, og det nærmar seg oppstart av sprenging ved tunnelen på Håastrondi. For meir informasjon og statusoppdatering, sjå video under med intervju av Frode i Fosse Maskin og Ole Morten i Veidekke:  


Forrige
Forrige

Energiutstilling på ViteMeir

Neste
Neste

Hektisk sommar og stor innsatsvilje