Hektisk sommar og stor innsatsvilje

Bjarte Haugen i Årøy ved kraftverk

Vedlikehaldsleiar Bjarte Haugen, og gjengen frå Sognekraft Produksjon har hatt nok av arbeid å ta tak i denne sommaren.

- Det har vore ein hektisk sommar, men dei tilsette har verkeleg stått på frå tidleg morgon til seint på kveld for Sognekraft, seier vedlikehaldsleiar Bjarte Haugen i Sognekraft Produksjon.

Dei fleste tilsette har kommen utkvilt attende frå ei lang og god sommarferie. Men for dei som har vore på jobb, har det ikkje vore mangel på ting og gjera for Sognekraft Produksjon denne sommaren.

Stått på frå morgon til kveld

Her på vestlandet, og i store delar av Sør-Noreg slo sommarvêret aldri heilt til i år. Uvêret «Hans» gjorde at store delar av Sognekraft-konsernet sat ekstra krefter i sving og auka beredskapen. For Sognekraft Produksjon kom dette i tillegg til anna planlagt og mindre planlagt arbeid som har vore utover sommaren.

To bilete frå oppdrag i sommar

Det har vorte nokre lange dagar, og tidvis overnatting til fjells for nokre av dei tilsette i sommar. Stemninga har likevel vore god, og sola har synt seg fram i ny og ne.  

- Me fekk det svært travelt frå slutten av juli av, då me opplevde nokre utfordringar på eit kraftverk i Volda. Det er tre timar køyring herifrå og me hadde ikkje så mange på vakt så det har vorte nokre lange dagar, men med litt ekstra innsats så går det seg ofte til, seier Bjarte.  

I tillegg til dette har Sognekraft gjennomført ein del planlagt arbeid i Fjærland og mellom anna fått Lidal kraftverk opp att å gå med ei modifisert røyrgate som forhåpentlegvis skal gi auka produksjon.

Bjarte fortel vidare:

- Uvêret «Hans» medførte lite skader, med unntak av eit inntak ved Fosseteigen kraftverk i Lærdal som måtte stengje grunna store mengder lausmassar – som i ettertid tok nokre dagar å få reinska vekk.

Webcam bilete Fosseteigen Kraftverk.

Lausmassar ved Fosseteigen kraftverk som følgje av «Hans» måtte reinskast vekk.

- Så fekk me veka etter nokre tekniske utfordringar ved Leikanger kraftverk som gav oss ein del ekstra arbeid frå tysdagen til me fekk det i gang att fredag kveld same veka. Det gjekk seg til det også.

 - Eg vert nesten sveitt av å høyra på.

- Hehe, det forstår eg. Me har brukt alle ressursar som har vore tilgjengeleg, men me har også heile tida følt me har hatt god kontroll, slår Bjarte fast.

Viktig arbeid held fram


Ein som også har latt seg imponera av innsatsen er konserndirektør for Produksjon, Erlend Bårgard. Trass mange hendingar har han kunne fått nyta i alle fall delar av den planlagde sommarferien, vel vitande om at selskapet har vore i trygge hender.

- Eg kan ikkje få understreka nok kor imponert eg er over stå på viljen til dei tilsette med tanke på alt som har skjedd. Det er mange som verkeleg fortener skryt for innsatsen dei har lagt ned.  Dei bidreg kvar dag til eit viktig samfunnsoppdrag som me har i Sognekraft, som drivkraft i Sogn.

 Høgt aktivitetsnivå vil det verte også utover hausten:

-  Det står at noko arbeid i Trastadalen og ved Mundalselvi før sluttføring av desse prosjekta. Og så held me jo mellom anna på med det som for tida er Noregs største byggjeprosjekt for ny vasskraftproduksjon. Så det er nok å ta tak i, men slik likar me det, avsluttar Erlend.


Forrige
Forrige

Med positiv effekt på lokal næring  

Neste
Neste

Førebuande tiltak mot varsla uvêr