Informasjonsbrev Feios Kraftverk

Oversiktsbilete Håastrondi

Feios Kraftverk skal etter planen stå klart i 2026.

Sognekraft ynskjer å halde grunneigarar og andre interesserte oppdatert på bygginga av Feios Kraftverk. Difor kjem me med jamne mellomrom til å leggja ut informasjonsskriv kring viktige aspekt ved prosjektet.   

Under kjem nokre aktuell informasjon som syner noko av arbeidet som har vore denne hausten.

Fullført og pågåande arbeid

Sidan dei første gravetaka vart utført 7. mars 2023 har ein på Håastrondi mellom anna komme i gang med tunneldriving frå tunnelen som ved midten av november allereie har kome 350 meter inn mot kraftstasjonen.  


Stasjonen skal i sin heilheit sprengast ut etter ca 500 meter og vil etter dette fortsette ca 3500 meter mot Åfetdalen. Det skal også sprengast ein avløpstunnel på ca 500 meter. Tunnelmassane blir køyrt til Fosse Maskin sitt deponi på Vangsnes.

Riggområde Håastrondi

Forskjæring og riggområde Håastrondi 18.sep.

På Håastrondi er det etablert byggjestraum frå Osen med 22kV linjer frå Sygnir. Ved området er det rigga til kontorbrakker og renseanlegg for tunnelvatn er rigga til nede ved tømmerkaien.   

Ved Åfetdalen har også mykje skjedd.

 Vegen frå Bergheim og opp til riggområde er utbetra. Riggområde er etablert med verkstadtelt, oljeutskiljar, renseanlegg, etc. Arbeid med etablering av deponiområdet føregår. Når det gjeld skogsarbeid er tømmerhogst i området er fullført. Taksering av skog for berørte grunneigarar er fullført.

Gravemaskin på veg

Veg under opparbeiding.

Tunneldrivinga starta i byrjinga av november, og tunnelen er no sprengt om lag 100 meter inn. Tunnelen vil bli sprengt mot Storelvi og har ei lengd på ca. 4500 meter. Vidare vil det bli sprengt ned mot kraftstasjonen ved Håastrondi.

Ved Haugasete er det gjennomført synfaring med geolog og detaljprosjektering av inntaka held fram. Det er og gjennomført prøvegraving ved Storelvi og Turidøla. Etablering av kabelgrøft og utbetring av vegen starta opp ved månadskiftet oktober/november. Kabelgrøfta skal etablerast frå 22kV linja ved Nedreli og til inntaket ved Haugasete.  

To gravemaskinar på annlegsveg

Anleggsveg opp mot deponi, Åfet.

Vegen og stikkrenner opp til Haugasete vil bli utbetra der det er behov. Det vil bli bygd ny veg frå brua over Turidøla til riggområdet ved Storelvi og Turidøla. Dette arbeidet vil bli utført våren 2024.   
 
Ved Nyasete vil det ikkje bli starta opp med arbeid i 2023. Inntaket er flytta ca. 180 meter nedstrøms frå kote 461 til kote 441. Inntaket er no plassert på same kotehøgde som Tverrelvi og Åfet.   
 
På Vangsnes er ein midlertidig bustadsrigg etablert. Transport av personell til og frå bustadriggen vil, med nødvendige unntak, finne stad på faste tidspunkt morgon og kveld.  


Forrige
Forrige

God framdrift i Feios

Neste
Neste

Engasjement på elektrosamling