God framdrift i Feios

Fire Sognekraft-karar med verneutstyr foran tunnel ved Håastrondi.

Bidreg i bygginga, frå venstre: Teknisk prosjektleiar Feios Kraftverk Bernt Erlend Fridell, Konserndirektør Produksjon Erlend Bårgard, Konserndirektør Terje Bakke Nævdal og Utbygginssjef Sognekraft Produksjon Harald Fimreite.

- For å lukkast med klimaomstillinga lyt det blir produsert meir grøn energi. Bygginga av Feios Kraftverk synleggjer vår intensjon om å bidra, som drivkraft for ei berekraftig framtid i Sogn, seier konsernsjef Terje Bakke Nævdal i Sognekraft.

Snart eit år har gått sidan bygginga av Feios Kraftverk tok til, i mars 2023.  Ei ny undersøking utført av bransjemagasinet Europower, basert på tal frå NVE, syner at Feios-bygginga var det største vannkraftverk-prosjektet i landet med oppstart i fjor. Kraftverket, som etter planen skal stå klart i 2026, med mogleg produksjonsstart i løpet av hausten 2025, vert eit viktig regionalt bidrag til det grøne skiftet.

Med sine forventa 98 GWh i årsproduksjon trona Feios åleine på topp, med over dobbelt så mykje årsproduksjon som nummer to på lista.

- Det er heilt fantastisk å få vera med på eit så stort og viktig kraftutbyggingsprosjekt her i Sogn, og ikkje minst å vera ein del av eit konsern som torer å satsa på denne måten, seier Teknisk prosjektleiar for Feios Kraftverk, Bernt Erlend Fridell.

Bernt Erlend foran tunnel i Åfet

Bernt Erlend Fridell kan nøgd konstantera at kraftverk-bygginga går etter planen. Her frå tunneldriving i Åfetdalen.

- Prosjekt som dette veks ikkje på tre om dagen, konstanterer han.

600 meter inn i fjellet

Inne på nettsida til Sognekraft står mykje informasjon og oppdatering om Kraftverk-bygginga, og på Feios-bygginga har fått ei eiga side der det jamnleg vil verte oppdateringar. På tampen av fjoråret vart det lagt ut eit informasjonsbrev med siste nytt, mellom anna for tunneldriving ved Håastrondi og Åfetdalen, og generell utbetring av veg.

Trass juleferie i desember og svært kalde arbeidsdagar ved starten av januar, har det likevel vore god framdrift sidan då:

- Arbeidet har, med visse tilpassingar og forholdsreglar sjølvsagt, gått etter planen, seier Bernt Erlend og kjem med følgande oppdateringar:

Lastebil køyrer inn i tunnel

· Ved Håastrondi er tunnelen kommen ca. 600 meter inn i fjellet og utsprenging av kraftstasjonen tek til i desse dagar.

· I Åfetdalen blir tunnelen driven mot Haugasetdalen og ned mot Håastrondi. Der har ein kommen ca. 250 meter inn, i kvar retning.

· I Haugasete-dalen vert det jobba med etablering av kabelgrøft for å starta opp med byggjestraum utover våren.

· Betongarbeid til kraftstasjonen og bygging av nokre av bekkeinntaka tek snart til.

 - Elles er bygging av både turbin, generator og anna utstyr til vassvegen no i produksjon, i tillegg til at det føregår prosjektering av kontrollanlegg hjå leverandørane våre for elektromekanisk utstyr.

- Det er med andre ord mykje spanande å følgje med på no om dagen, avsluttar Fridell.   


Forrige
Forrige

Ein god utviklingsarena

Neste
Neste

Informasjonsbrev Feios Kraftverk