Ein god utviklingsarena

Hilde Østbø og Erlend Bårgard i Sognekraft-konsernet deltok i starten av februar på Vestlandskonferansen. Her saman med styreleiar for Agenda Vestland Siren Sundland og CEO Jan Erik Kjerpeseth, begge frå Sparebanken Vest.

- Deltaking i dette leiarkurset fell godt saman med at me internt i Sognekraft-konsernet har sett leiarutvikling på agendaen med nyoppstarta leiarkursing av våre eigne, seier marknadsleiar i Sognenett, Hilde Østbø.

Saman med konserndirektør for Sognekraft Produksjon Erlend Bårgard er ho blant 30 utvalde som nyleg vart handplukka til å delta på eit eksklusivt leiarkurs for unge, i regi av Agenda Vestland og Sparebanken Vest.

Kring 150 søkjarar frå heile det gamle Sogn og Fjordane melde si interesse for leiartreningsprogrammet – ei arena for kompetanseutvikling og vekst for unge i leiarroller.

- Å legga til rette for vekst og utvikling blant dei tilsette er ein viktig del av strategien til Sognekraft-konsernet. No får me utvikla oss gjennom ekstra kursing både internt og eksternt, ved sidan av at me har ein spanande og lærerik arbeidskvardag, seier Erlend.

Erlend eit godt døme på korleis unge, kvalifiserte leiarar både får tillit og utviklingsmoglegheiter i Sognekraft-konsernet. Sjølv var han 34 år då han tok til i rolla som konserndirektør for Sognekraft Produksjon i 2021. No held han mellom anna styring på det som er det største vasskraft-prosjektet under utbygging i Noreg, i Feios.

Utvikling og nettverksbygging


I alt vil det vera åtte felles samlingar for leiarprogrammet, som vil gå over tre år med samlingar i både inn- og utland. Første samling i 2024 fann stad i Bergen i starten av februar, under «Vestlandskonferansen». Erlend seier han er er imponert over opplegget han har vorte presentert så lang.

- Dette er eit spanande kurs å vera med på, ikkje berre fordi ein vil læra mykje som vil vera nyttig for eigenutvikling innan leiarskap, men og fordi ein får moglegheit til å forma nye kontaktar og etablera ressursbaserte nettverk som ein vil kunne dra nytte av på sikt, seier Erlend.

Relasjonsbyggings-aspektet er noko som gjer programmet ekstra interessant å vera ein del av, meiner Hilde.

- Moglegheita til å knytte nettverk og bygge relasjonar over heile gamle SF gjer meg overtydd om at dette er eit nyttig forum å vera ein del av. I tillegg er det skissert eit godt opplegg som gjer at me vil tileigna oss mykje god og ny kunnskap innan leiarskap, avsluttar ho.


Forrige
Forrige

Informasjonsbrev Feios Kraftverk vinteren 2024

Neste
Neste

God framdrift i Feios