Sognekraft byggjer Fardalselvi kraftverk

Fardalselvi vil bidra til 10 GWh fornybar energi i året, og kraftverket skal stå klart i løpet av 2026. Frå venstre: Konserndirektør Produksjon Erlend Bårgard og utbyggingssjef Harald Fimreite.

Sognekraft har vedteke bygging av Fardalselvi kraftverk i Fardal, eit prosjekt som vil bidra med ca 10 GWh fornybar energi i året – nok til å dekka det årlege straumforbruket til kring 600 hushaldningar. Bygginga er planlagt å starta i 2025, og kraftverket skal etter planen stå ferdig i 2026. 

Kraftverket vil bli det 15 kraftverket Sognekraft byggjer på litt over ti år.

– Fardalselvi kraftverk er ein viktig del av satsinga til Sognekraft med å styrkja energiforsyninga i regionen. Me er glade for at dette prosjektet no kan realiserast etter ein lang og grundig prosess, og me ser fram til å setja i gang med bygginga, seier Erlend Bårgard, konserndirektør i Sognekraft Produksjon. 

Prosessen med Fardalselvi kraftverk starta i 2012 då Sognekraft inngjekk samarbeidsavtale med grunneigarar i området. Konsesjonen blei gjeven i 2015, og prosjektet blei endeleg vedteke av styret i desember 2024. 

Med det vil Sognekraft byggje ikkje berre eitt eller to, men tre kraftverk på same tid. Nyleg blei også bygging av Kråkeelvi kraftverk i Høyanger vedteke, og i Feios arbeider Sognekraft Produksjon med Noreg sitt største utbyggingsprosjekt for nye kraftverk. 

– Å driva tre store prosjekt samstundes er ei utfordring, men me har over tid fått opparbeidd solid erfaring med slike utbyggingar. Eg kjenner meg trygg på at me har kompetansen til å landa desse prosjekta på ein god måte, seier Erlend Bårgard, konserndirektør i Sognekraft Produksjon. 

Fardalselvi kraftverk: 

• Plassering: Fardal, Sogndal kommune 
• Installert effekt: 3,58 MW (peltonturbin) 
• Slukeevne: 2100 l/s 
• Årleg produksjon: 9,8 GWh (tilsvarande om lag 600 husstandar) 
• Konsesjonsløyve gjeve: 2015 
• Byggestart: 2025 

Kraftstasjonen vil ligga 300 meter frå der elva renn ut i Sognefjorden.

Lokale omsyn

Fardalselvi kraftverk er designa for å utnytta ressursane i området på ein effektiv måte. Inntaket blir plassert på kote 275, medan kraftstasjonen skal liggje på kote 74, med utslepp om lag 300 meter frå der elva renn ut i Sognefjorden. Vatnet blir ført gjennom ei 2,2 kilometer lang røyrgate, delvis gjennom lausmasse og fjellgrøft, før det når kraftstasjonen. 

– Målet er å utnytte ressursane optimalt, samstundes som me minimerer naturinngripen så langt det let seg gjera, seier Bårgard. 
 
Bygginga vil skje i tett dialog med grunneigarane, spesielt der røyrgata kjem nær bustadhus.

– Å byggje eit kraftverk krev at me balanserer tekniske og økonomiske krav med omsynet til omgjevnadene. God dialog med grunneigarane er heilt sentralt for å lykkast, seier Bårgard om prosjektet som i løpet av sitt første driftsår vil bidra med nesten 500. 000 kroner i eigedomsskatt til kommunen.  

Erlend er stolt av å vera med å leda nok eit kraftutbygggingsprosjekt i det som vert Sognekraft sin tredje pågåande kraftutbygging.

15 kraftverksutbyggingar på 10 år

Når Fardalselvi kraftverk står ferdig i 2026, vil Sognekraft sidan 2018 ha bygd og sett i drift kring 500 GWh.

–  Det er inspirerande at me i vesle Sogn per no er ein såpass stor aktør for utvikling av ny vasskraft nasjonalt. Me er stolte av å bidra til auka kraftproduksjon og som er med på å skapa positive ringverknader for både lokalsamfunnet og regionen, avsluttar Bårgard.  


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Tom Dyrdal vert ny konserndirektør for stab i Sognekraft

Neste
Neste

Fornya optimisme for Feiosbui - med midlar frå kraftutbygginga