Storstilt opning av Leikanger Kraftverk

Stemninga var god då Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim kunne klippe snora som markerte den offisielle opninga av Leikanger kraftverk. Her saman med Harald Fimreite (t.v) og Erlend Bårgard (t.h) som kvar for seg har hatt nokre tusen timar på vegner av Sognekraft Produksjon i utbyggingsprosjektet. Foto: Falkeblikk AS

- Leikanger Kraftverk  er eit av dei største kraftverka som er bygd i Noreg i nyare tid. Det er me fantastisk stolt over i regionen, sa Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim då han fredag føremiddag sto for den offisielle opninga av  Leikanger kraftverk.

Over 100 personar var til stades under opningsseremonien som gjekk føre seg 750 meter inne i fjellet i kraftverket. Kraftverket er ein viktig del av Sognekraft sitt bidrag til å auka produksjon av fornybar energi inn mot klimaomstillinga i Sogn.

- Mange snakkar om det grøne skiftet, men me i Sogn gjer noko med det. Me aukar produksjonen vår med kraft, og me gjer ord om til handling, sa ein stolt ordførar Ølmheim.

Ei storsatsing

Leikanger Kraftverk er eit av dei største kraftutbyggingsprosjekta i Noreg det siste tiåret, og er det største kraftverket Sognekraft har bygd etter oppgraderinga av Årøy på 80-talet. Kraftverket har ein årleg normalproduksjon på kring 208 GWh, tilsvarande straumforbruket til ca. 13.000 husstandar, eller kring 80.000 elbilar. 

- Me skal vera ei drivkraft for omstilling og utvikling av Sogneregionen, slik at også denne regionen kan offensivt møte det grøne skiftet , sa konsernsjef Terje Bakke Nævdal, som kan feire at når Feios Kraftverk (98 GWh) står klar til drift i 2026, vil Sognekraft ha tilført over ein halv TWh med ny kraftproduksjon på litt over ti år.  

Konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal var i godt slag under opninga av Leikanger Kraftverk. Med god grunn, han hadde nemleg gode nyheiter å melda. Foto: Falkeblikk AS

Ekstra stas var det å kunne dela nyheita om oppkjøpet på sjølve opningsdagen av Leikanger Kraftverk.

Grunneigar-skryt

Sjølv om delar av kraftverket stod klar til drift i 2020, med full produksjon i 2022, har ikkje prosjektet stått sluttført før påsken 2024.

No er store delar av Leikanger og omland forsynt med drikkevatn frå kommunen og Sognekraft sitt felles magasin i Store trastadalsvatn, der delar av magasinet går til kraftproduksjon, og delar vert regulert av kommunen til drikkevassforsyningar. 

- Kommunen signerte nyleg overtakingspapir på dette. Det er godt å no kunne markera eit vellukka sluttført prosjekt, seier ein stolt konserndirektør produksjon, Erlend Bårgard.

 I lag med grunneigarane har Sognekraft funne gode løysingar i utbyggingsfasen. Det er gjort kloke prioriteringar kring opprydding, for å minimere naturavtrykka.  

- Det har vore eit flott samarbeid. Og nyheitene om at Leikanger Kraftverk no er 100 prosent lokaleigd er rett og slett fantastisk, sa Malèn Røysum, som representerte grunneigarane på talarstolen fredag.  

Malèn Røysum applauderte oppkjøpet av Leikanger Kraftverk, fredag. No er Sognekraft Produksjon AS 100 prosent eigarar.

Helsing frå energiministeren

Energiminister Terje Aasland skulle eigentleg vera til stades for å klippe snora, men måtte melde avbud på kort varsel grunna sjukdom. Han har følgjande helsing å komma med:

- Det gleder meg at Leikanger kraftverk kan bidra med mer fornybar energi. Uregulerbar energi som sol og vind vil gjøre vannkraft stadig viktigere med tanke på effekt og fleksibilitet. Derfor er det positivt at kraftverket bruker tunnelen som magasin for å kunne tilby effektreserver. Dette er en tankegang vi ønsker å se mer av i det grønne skiftet.


Neste
Neste

Sognekraft kjøper tilbake Leikanger Kraftverk