Atle Terum er ny styreleiar i Sognekraft-konsernet

Atle Terum er ny styreleiar i Sognekraft-konsernet.

 Sognekraft har fått fleire endringar i konsernstyret etter årets generalforsamling. Atle Terum er vald som ny styreleiar, etter at Geir Arve Sandvik no går av etter fem år i rolla som styreleiar. 

Terum har brei erfaring frå styrearbeid og næringsliv, blant anna som styreleiar i Sogn Sparebank. Han kjenner kraftbransjen godt, og er no rådgjevar i bransjen, etter lang fartstid som revisor. 

– Sognekraft er eit konsern med høg gjennomføringsevne, sterk lokal forankring og ambisjonar for framtida. Gjennom aktivitetane sine spelar konsernet ei avgjerande rolle i utviklinga av Sogn, og bidreg til synergiar i heile regionen, seier Terum. 
 
Eg skal gjera mitt for å bidra til at Sognekraft held fram med å vera ei drivkraft i Sogn, legg han til. 

Takk til avtroppande styreleiar 

Geir Arve Sandvik blei takka av som styreleiar under generalforsamlinga som fann stad like før fellesferien. Sandvik har vore styremedlem i Sognekraft sidan 2009 og styreleiar sidan 2020. 

– Det har skjedd enormt mykje i konsernet dei siste åra. Eg er stolt over utviklinga og kvar Sognekraft står i dag, sa Sandvik i si avslutning. 

Grethe Hjetland og Gunn Cecilie T. Hundere går også ut av styret. Inn kjem Trine Lerum Hjellhaug, dagleg leiar i Lerum AS, og advokat og partnar Silje Flugheim Heggestad frå Advokatfirmaet Tollefsen. 

– Me takkar Geir Arve, Grethe og Gunn Cecilie for innsatsen gjennom ei viktig tid i konsernet, og ser fram til å jobbe med godt saman med det nye styret, seier konsernsjef Terje Bakke Nævdal. 

 


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

God framdrift for Kråkeelvi kraftverk

Neste
Neste

Camp Sognekraft 2025 er i gang