God framdrift for Kråkeelvi kraftverk

Kraftstasjonen ved Kråkeelvi kraftverk byrjar å ta form, drøye halvåret etter prosjektstart.

Sognekraft Produksjon er godt i gang med utbygginga av Kråkeelvi kraftverk i Lånefjorden i Høyanger kommune. Kraftverket skal nytta eit fall på om lag 685 meter og set med dette ny rekord i trykkhøgde for Sognekraft Produksjon sine eksisterande kraftverk.

– Det er eit spanande prosjekt å vera med på. Kombinasjonen av nedgravd røyr, borehol og veglaust inntak gjer anlegget komplekst å byggja, seier prosjektleiar Kåre Fosse.

Kraftverket får ein installert effekt på 5,2 MW og vil produsera om lag 15 GWh i året – tilsvarande det årlege straumforbruket til rundt 950 husstandar.

Kåre Fosse er prosjektleiar for bygginga av Kråkeelvi kraftverk. Her frå like etter byggjestart, i november 2024.

God framdrift på fleire frontar

Anleggsarbeidet starta i november 2024, og trass i ein krevjande vår med noko forseinkingar i samband med store nedbørsmengder, er det no god framdrift i fleire deler av prosjektet.

– Me har bore oss 200 meter inn i fjellet og skal vidare 1000 meter til. Me håpar å komma oss  inn i betre fjell, så boringa kan gå smidigare framover.

– Så har me bygd ei ny bru for tilkomst til stasjonen, seier Fosse.

Ny permanent bru er på plass.

Samstundes har entreprenøren starta med røyrlegginga frå stasjonen og oppover i traseen mot boreholet. Omlag 100 meter røyr er på plass så langt.

Veglaust inntak

Utbyggingsprosjektet tek mål om å redusera naturinngrep så langt det let seg gjera. Inntaket er plassert utan tilkomstveg, og alt utstyr og materiell blir frakta inn med helikopter.

– Me har gjort grunnarbeid og sprenging, og er i gang med betongarbeidet i botn av gropa. Det vil halda fram gjennom sommarferien, seier Fosse.

Når fjellboringa etter kvart treff inntaket, skal det støypast ein kanal frå boreholet og inn til vassinntaket.

Sjølv om fjellet kan by på overraskingar, er planen å få kraftverket i drift i løpet av sommaren 2026.

– Det er alltid usikkert kor lang tid sjølve boringa tek – det kjem an på fjellkvaliteten. Men om alt går som me håpar, skal me vera klare for drift inn mot sommaren, seier Fosse.

Bilete frå inntaket.

Fakta om Kråkeelvi kraftverk:  

  • Plassering: Lånefjorden, Høyanger kommune  

  • Årleg produksjon:  Kring 15 GWh  

  • Installert effekt: 5,2 MW  

  • Slukeevne: 880 l/s 

  • Konsesjonsløyve gjeve: 2016  

  • Byggestart: 05.11.2024  


Neste
Neste

Atle Terum er ny styreleiar i Sognekraft-konsernet