Viktig milepæl nådd for Kråkeelvi kraftverk

Arbeidet med utbygginga Kråkeelvi kraftverk ved Lånefjorden i Høyanger kommune går vidare med god framdrift. Gjennom våren har det vore høg aktivitet på anlegget, og nyleg vart ein viktig milepæl nådd.

Den 6. mai vart det gjennomslag i det 1200 meter lange boreholet mellom påhogget og inntaket. Gjennomslaget trefte med svært god presisjon, med under to meter avvik frå det teoretiske punktet.

Det raude armeringsjernet ute i vatnet på biletet var det teoretiske treffpunktet.

– Det er alltid litt spanande når ein byggjer inntaket først og er avhengig av å treffa så presist frå boringa nedanfrå. Me er godt nøgd med resultatet, seier prosjektleiar Kåre Fosse.

Kraftverket får ein installert effekt på 5,2 MW og vil produsera om lag 15 GWh i året – tilsvarande straumforbruket til rundt 950 husstandar.

Mål om idriftsetting i løpet av seinhausten

Nede ved kraftstasjonen er stasjonsbygget i stor grad ferdig, og generator, transformator og brytarar er komne på plass. Samstundes er to tredelar av røyrgata lagde fram mot boreholet.

I løpet av dei neste vekene skal foringsrøyret skyvast inn i boreholet. Planen er å få ferdig foringa før sommaren.

Stasjonen er i stor grad ferdig rigga. Neste halvåret ventar siste fase av prosjektet før idriftsetting og etterkvart opprydningsarbeid.

Kåre fortel vidare at det framleis står att noko arbeid ved inntaket, som vart bygd i fjor sommar.

– No gjenstår det å byggja ein mindre kanal frå boreholet og inn til vassinntaket, i tillegg til noko installasjonsarbeid i tørrkammeret. Ved kraftstasjonen står mellom anna hydraulikk, straumkablar og tekniske system att før alt er klart, seier Fosse.

Målet er å setja kraftverket i drift i løpet av seinhausten 2026.

– Førebels ser det ut til at me er i rute, seier prosjektleiaren.

Prosjektleiar Kåre Fosse håpar at kraftverket, med atterhald, skal kunna produsera kraft innan seinhausten er omme.

Fakta om Kråkeelvi kraftverk:

  • Plassering: Lånefjorden, Høyanger kommune  

  • Årleg produksjon:  Kring 15 GWh  

  • Installert effekt: 5,2 MW  

  • Slukeevne: 880 l/s 

  • Konsesjonsløyve gjeve: 2016  

  • Byggestart: 05.11.2024


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Vinn draumedag med Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer!