Camp Sognekraft 2025 er i gang

Deltakarane for Camp Sognekraft 2025 er på plass og klare for fem lærerike og uforgløymelege veker! Frå venstre: Maja Åsmul, Arne Wollen Mork, Martine Østvik og Anna Torvund.

Måndag gjekk startskotet for Camp Sognekraft 2025 – eit fem vekers sommarprogram for fire utvalde studentar, som alle studerer på NTNU i Trondheim. Gjennom sommaren skal dei få eit tett møte med Sognekraft-konsernet, jobba med ei konkret oppgåve og bli endå betre kjende med energibransjen frå innsida.

Sommaren vil ikkje berre handle om fag. Gjennom deltaking i Sognacamp ventar det også eit sosialt opplegg med aktivitetar, bedriftsbesøk og moglegheiter til å oppleva den vakre naturen i Sogn – alt i lag med studentar frå andre bedrifter i regionen.

– Me har allereie fått eit godt førsteinntrykk av både Sognekraft og det sosiale opplegget rundt. Dette verkar veldig lovande, seier Camp Sognekraft-deltakar Martine Østvik.

Camp Sognekraft og Sognacamp

Camp Sognekraft er første gong konsernet gjennomfører eit slikt sommarprogram for studentar. Etter stor interesse og 203 søkjarar i søknadsrunden tok Sognekraft initiativ til å løfta konseptet vidare – og utfordra Sogn Næring til å utvikla eit større samarbeid. Det resulterte i Sognacamp, der ni verksemder i regionen er med i samarbeidet for å gje studentar ei lærerik og sosial sommaroppleving i Sogn.

Henrik Skyttermoen frå Sogn Næring under opninga av Sognacamp 2025 måndag, ved Damskipskaien i Sogndal.

– Det er kjekt å vera i gang og få møte dei andre. Dette er med på å gje ei fin sosial ramme, ved sidan av det faglege arbeidet me skal gjera i løpet av desse vekene, seier Maja Åsmul.

Gjennom opphaldet skal deltakarane samarbeide om ei felles oppgåve knytt til konsernet si verksemd, i tillegg til å få innsikt i fleire delar av organisasjonen gjennom bedriftsbesøk og faglege samlingar. Alt skjer med tett oppfølging frå fagpersonar i konsernet.

Ekskursjon allereie på dag to: Leikanger Kraftverk.

– Me har blitt tekne svært godt imot. Eg trur dette blir ein spanande og lærerik sommar, avsluttar Arne Wollen Mork.


Neste
Neste

Innovasjonspris til Sognekraft